Skrevet av Kristian Rikstad Myklevoll, Erik Zakariassen, Tone Morken, Valborg Baste, Jesper Blinkenberg, Gunnar Tschudi Bondevik


Foto:Truls Melbye

Ein hardt skadd pasient treng rask transport til et traumesjukehus for endeleg behandling. I Norge brukar vi traumeplan for å sikre tidleg førstehjelp, tidleg prehospital behandling, tidleg avansert behandling ved traumesjukehus, og tidleg rehabilitering. Alle disse fire trinna er avgjerande for best utfall av traumebehandling.

Ulike land har ulike system for prehospital behandling. I Norge spelar legevaktlegen ei viktig rolle i prehospital traumeomsorg. Vi har ein variant med alarm til legevaktlege og ambulanse ved akutt respons grunna traume. Legevaktlegen kan rykke ut til alvorlege traumehendingar i team saman med ambulansetenesta. Ved behov kan dei også få støtte av en anestesilege frå luftambulansetenesta.

I utgangspunktet skal legevaktlege kunne rykke ut på alle raude responsar, både skadar og sjukdommar. Erfaringsmessig ser vi forskjell mellom legevaktlegar, legevakter, AMK område og helseføretak. Vidare har vi mistanke om ulik utrykking basert på tid på året, vekedag eller tid på døgnet.

Vi ønskte å undersøkje om det var signifikante forskjellar eller om våre erfaringsbaserte observasjonar var tilfeldige. Er det variasjon i hyppigheit på utrykking frå legevaktlege til prehospital behandling av alvorleg skadde traumepasientar i forhold til kor du bur i landet og tidspunkt for ulykke? Er der forskjell mellom ulike helseføretak eller ulike AMK – område?

Datainnsamling registerstudie
For å studere dette har vi sett opp ein registerbasert studie. Vi har fått løyve til å hente data frå fire norske register. Dette inkluderte akutte sjukehusinnleggingar av pasientar med alvorlege traumer for åra 2012 – 2018. Vi har fått hjelp til å lage anonym kopling som knyter saman data mellom registerne.

Vi har delt data inn etter tre geografiske og tre tidsfaktorar. Ved hjelp av regresjonsanalyse kan vi finne kva grad den enkelte faktoren påverkar utfallet. Er det avstanden frå legevakt til sjukehus som er avgjerande? Eller er det tid på døgnet som er den viktigaste faktoren for at legevaktlegen skal rykke ut ved akutt respons traume?

Resultat


Foto: Arngeir Berge/NKLM

Legevaktlegars avgjerd om å rykke ut til alvorlege traumehendingar blir påverka av variasjon i by-land område. Når vi ser på justerte tal rykker legevaktlegar ut i vesentleg større grad ved legevaktene i dei fire mest landlege sentralitetsområda samanlikna med det mest urbane sentralitetsområdet. Den største forskjellen var for sentralitetskategori fire, der legevaktlege rykka ut dobbelt så hyppig som kategori ein. Legevaktlegane rykka ut i vesentleg større grad i helseregion Vest og Midt, omtrent 50% og 30% meir samanlikna med helseregion Sør-Øst. Ujustert var det også ein vesentleg større grad av utrykking i helseregion Nord en i Sør-Øst. Denne forskjellen vart mindre og ikkje lengre vesentleg når vi justerer for andre faktorar.

Vi observerte ein stor variasjon i utrykkingsrate på tvers av dei 16 AMK områda i Norge. Variasjonen var frå 0,47 til 4,71 utrykkingar per 100 000 innbyggarar per år mellom AMK-området med minst og størst utrykking.

Vi finn ingen avgjerande forskjell i utrykking basert på tidsvariablar. Verken årstid, vekedag eller tid på døgnet påverkar utrykking i vesentleg grad.

Diskusjon:
Våre funn med hyppigare utrykkingar i rurale strøk stemmer godt overeins med tidlegare studiar, både norske og internasjonale. Vår studie er unik då den inkluderer alle innleggingar på alle norske sjukehus for ein sjuårsperiode.

Det er fleire grunnar til hyppigare utrykkingar ruralt. Både større avstandar og færre helsepersonell i prehospital traumebehandling krev dette. Legevaktlegen kjenner til avgrensa ressursar og behovet for at ho deltek som del av teamet. Sterkare relasjonar til lokalbefolkninga i mindre tettstader og bygder talar også for hyppigare utrykking.

Vi fann ingen forskjell i utrykking basert på tidsfaktorar. Andre studiar har vist tilsvarande traumebehandling uavhengig av tidsfaktorar. Dette er sett i samanheng med eit velfungerande traumesystem.

Vi håper de også synest temaet og artikkelen er spennande.

Artikkelen vår er publisert i BMJ Emergency Medicine. Sjå vedlagt lenkje for tilgang til heile artikkelen.
Primary care doctors in acute call-outs to severe trauma incidents in Norway – variations by rural-urban settings and time factors.

Vi takkar AMFF for finansiell støtte til prosjektet!

Helsing

Kristian Rikstad Myklevoll, Erik Zakariassen, Tone Morken, Valborg Baste, Jesper Blinkenberg, Gunnar Tschudi Bondevik

Vi viser også til ein tidlegare studie basert på same data, der vi undersøkte i kva grad legevaktlegar var involverte i prehospital behandling av alvorlege traumepasientar og korleis  karakteristikkar ved pasientar og legar var assosierte med utrykkingar til desse hendingane.

Primary care doctors in acute call-outs to severe trauma incidents in Norway – associations with factors related to patients and doctors.

Se også tidligere innlegg og relevante linker som berører samme tema:

Traumeplan.no
Liten justering av traumeplanens punkt om Identifisering av alvorlig skade
Hva betyr lokalisering og skadestedstid for varige mén etter skader?
Det er farligere å bo i distrikt
Sterk økning i antall eldre med hodeskade på legevakt
Forskning innen akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus i Norge etter år 2000: et systematisk litteratursøk med sortering
Medisinsk nødmeldetjeneste og henvendelser om traumer
KoKom har laget webinar-serie om beslutningsstøtteverktøy i medisinsk nødmeldetjeneste
Samtrening mellom ulike nødetater